NPK-NTB: Det er ein auke på 60 prosent frå same månad i fjor, opplyser Sjøfartsdirektoratet.
Fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad synest det er gledeleg mange skaffar seg kompetanse for fritidsbåt, særleg med tanke på at ekstra mange i år har valt båten som fritidsaktivitet.
På grunn av koronapandemien var mars og april rolege. Likevel er det ein auke i første halvår samla sett.
– Det at vi endar opp med ein oppgang i første halvår etter ein spesiell vår med korona, viser at det er gjort ein stor innsats både i direktoratet, hos leverandøren vår og hos dei ulike testsentera rundt om i landet, seier Alvestad.
Redningsselskapet har i sommar meldt om fleire båtar på sjøen enn vanleg – og også ein auke i talet på oppdrag.
På landsbasis auka talet på oppdrag i mai og juni med 46 prosent samanlikna med fjoråret, har NTB fått opplyst. Oppdragsauken var størst i Oslofjorden, der redningsskøytene har måtta rykkje ut heile 81 prosent fleire gonger enn i fjor.

Publisert: 29.07.2020 10:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25