Jan ketil smørdal foto  cirkus agora
Sirkusdirektør Jan-Ketil Smørdal frå Nordfjordeid markerte 40 år i bransjen i fjor. Foto: Cirkus Agora
Kort fortalt

Rekordoverskot for Cirkus Agora

Frykta sesongen skulle bli fiasko.

NPK
28.07.2023

(NPK): Ei stund såg det ut til at heile fjorårets sirkussesong skulle gå i vasken. No kan sirkusdirektør Jan-Ketil Smørdal i Cirkus Agora sjå attende på det beste året i historia til sirkuset.

Cirkus Agora skulle ha starta fjorårssesongen 18. mars. Fordi teknisk personell stod fast i Ukraina grunna krigen, vart sesongopninga utsett til 8. april, skriv Bergens Tidende.

Då hadde sirkusdirektør Jan-Ketil Smørdal først fått inn urøynde arbeidarar frå Polen og Romania, og frykta at heile sesongen skulle bli fiasko. Til slutt blei redninga personell frå eit sirkus i Frankrike.

Trass den nervepirrande starten, kan Smørdal no sjå tilbake på det beste året i sirkusets historie. For 2022 synte botnlina inntekter på 13 millionar og eit overskot på cirka tre millionar etter skatt (sjå tabell under).

(©NPK)

Cirkus Agora As
Årsresultat (i mill kr)
2021
2021
Driftsinntekter
13,4
2,07
Driftsresultat
3,8
-0,79
Resultat før skatt
3,8
-0,77

Publisert: 28.07.2023 12:52

Sist oppdatert: 28.07.2023 12:52

Mer om