Jan ketil smørdal foto  cirkus agora
THE SHOW GOES ON: I desse dagar er sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal i full sving att i manesjen med ei rekke forestillingar på Sunnmøre. Foto: Cirkus Agora.
Nytt

Frå pandemi-kalddusj til fulle sirkustelt

Sirkusdirektøren frå Nordfjordeid markerte nyleg 40 år i bransjen - og er storfornøyd med dårleg ver.

Kjell Arne Steinsvik
19.07.2022

Atter ein gong rår optimismen hos Cirkus Agora. I sommar har sirkuset frå Nordfjordeid tettpakka program og fulle telt.

– Vi hadde gode overskot åra før pandemien, så dette er «piece of cake». No er folk sugne på sagmugg, popkornlukt og ekte greier, seier sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal.

Juli månad starta med ei markering på heimebane, av at det er 40 år sidan han debuterte som cirkusartist hos Cirkus Merano.

Turné på Nordvestlandet
Sirkusdirektøren har nyleg vore mange veker i Bergen og Stavanger, før dei byrja jobbe seg nordover langs Vestlandet.

Denne veka besøker dei Sykkylven, Ørsta, Volda, før turen går til Ulsteinvik og Fosnavåg i helga. Neste veke held ferda fram i Vanylven og Måløy.

Til Smørdals store glede, har svært mange funne vegen tilbake til sirkuset for å få nokre timar med «analog underhadning».

– No er vi i storslag. Mine kollegaer i Sverige og Danmark rapporterer også at det går veldig bra. Og så er vi veldig glade for sirkusvêret. At det regnar, er sirkusdirektørar meget glade for, humrar han.

At det regnar, er sirkusdirektørar meget glade for
Jan Ketil Smørdal

Sirkusbranjen var ein av bransjane som i størst grad fekk merke pandemirestriksjonane.

I 2021 enda Cirkus Agora med eit resultat før skatt på minus 771.208 kroner, i sterk kontrast til dei gode resultata åra før (sjå tabell under).

Cirkus Agora AS
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 2,07 5,07
Driftsresultat -0,79 1,69
Resultat før skatt -0,77 1,71

Den erfarne sirkusdirektøren klagar likevel ikkje.

– Vi har hatt bra kompensasjon og ligg under kulturdepartementet. Så har eg halde på med litt anna type underhaldning, på festivalar og utandørs. Vi kom oss igjennom tunnelen, seier han.

Cirkus agora montasje eldresenter foto cirkus agora 11
GJEKK UTANDØRS: Under koronapandemien flytta Cirkus Agora utandørs og gjorde seg mellom anna populære med førestillingar ved eldresenter. Foto: Cirkus Agora
Logistikk og drivstoffprisar
Den største utfordringa sirkuset møter i år er drivstoffprisane.

Med ein stor bilpark og mykje materiell og personell som skal fraktast frå plass til plass, må dei i større grad enn før tenkje logistikk og optimalisere rutene.


– Det er om å gjere flytte seg minst mogleg. Difor prøver vi å få med oss flest mogleg plassar når vi først er i eit område. Vi har vore i Finnmark tidlegare, men det er det berre å gløyme i år. No vert det maks Trøndelag.

Optimist
Smørdal er likevel ikkje uroa. I sommar går det i eitt, med langt over hundre framsyningar som skal settast opp. Staben på 35-40 personar har meir enn nok å gjere på.

– Vi er svært nøgde så langt. Vi er ikkje lei oss i det heile tatt. Vi har også fått rusta opp heile vognparken. Det er som eit heilt nytt sirkus no, konkluderer han.

Publisert: 19.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 19.07.2022 16:15

Mer om