Vassendgutane klare for nye konsertar 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
25 ÅR: Vassendgutane kan feire 25-årsjubileum i år. Fjoråret vart prega av koronaepidemien.
Nytt

Koronastøtte sikra solid resultat

Aksjeselskapet Vassendgutane hadde eitt av sine mest lønsame år i fjor. Fekk koronastøtte, betalte utbytte.

16.07.2021

Berre tre år tidlegare har resultatet til Vassendgutane as før skatt vore like høgt som i 2020, og i høve til inntektene har lønsemda aldri vore betre.

Resultatet før skatt i 2020 blei 3,4 millionar kroner, det same som i 2019, sjølv om driftsinntektene stupte frå 12,5 til 6,4 millionar kroner.

At inntektsfallet ikkje blei større skuldast at selskapet i fjor fekk 2.686.835 kroner i tilskot frå Kulturrådet og kompensasjonsordninga for selskap med stort omsetningsfall på grunn av koronaepidemien og smitteverntiltaka mot den, viser årsmeldinga til selskapet.

Kultur- og underhaldningsbransjen var ein av dei som vart hardast og lengst råka av restriksjonane for å bremse smittespreiing. Støtten skulle avgrense skadeverknadane.

Vassendgutane as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter6,412,5
Driftsresultat 2,53,1
Resultat før skatt3,43,4

Kutta kostnadar
Når turnébussen måtte parkerast kutta Vassendgutane også dei samla kostnadane, frå 9,4 millionar kroner i 2019 til 3,9 millionar kroner i 2020. Lønskostnadane gjekk ned frå 1,8 til 0,7 millionar kroner.

Vassendgutane har betalt utbyte kvart år sidan 2010. For 2020 blei det betalt ut 1,08 millionar kroner i utbytte, fordelt på dei fire eigarane og bandmedlemene Arthur Johan Bjørdal, Ernst O. Brune, Rune Ståle Brautaset og Sindre Aam.

Sirkuspluss
Også Cirkus Agora på Nordfjordeid, som også offentleggjorde sitt 2020-reknskap denne veka, fekk god lønsemd i fjor, etter å ha fått 4,8 millionar kroner i koronastøtte.

2020-resultatet er det beste selskapet har hatt etter at sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal i 2017 for andre gang tok til med omreisande sirkus i 2017.

Publisert: 16.07.2021 11:00

Sist oppdatert: 16.07.2021 11:04

Mer om