Ulstein Power & Control har inngått kontrakt på systemleveransar til to kabelleggingsfartøy, som skal byggjast ved Ulstein Verft.
Det er snakk om komplette, hybride kraft- og automasjonssystem til skipa, som blei bestilt av OMS Group i januar i år.
Administrerande direktør Peter Pilskog i Ulstein Power & Control opplyser at oppdraget er mellom dei største dei har sikra seg nokon gong.
– Dette er ein viktig kontrakt for oss og stadfestar vår posisjon som ein leiande leverandør av system for komplekse maritime operasjonar, uttaler han i meldinga.
Løysinga bygger på ei vekselstraums lågspentplattform, med generator og batteri, for å sikre meir stabil drift og lågare energiforbruk.
Selskapet er eitt av selskapa i Ulstein Group, og har hatt stigande inntekter dei siste åra, viser dei siste offentlege rekneskapa.
Publisert: 26.02.2026 14:18
Sist oppdatert: 26.02.2026 14:18






