Tore Ulstein Gunvor Ulstein klyngekonferansen Foto Marius Rosbach
IKKJE NØGDE MED SKIPSDESIGNRESULTAT: Gunvor og Tore Ulstein er høvesvis styreleiar og nesteleiar i Ulstein Design & Solutions, eit datterselskap i Ulstein Group der dei er store aksjonærar. Skipsdesignselskapet fekk ikkje den utviklinga dei venta i fjor.Foto: Marius Rosbach.
Nytt

Rekordår for verftet, magert for skipsdesign

Venta oppsving kom ikkje for Ulstein Design & Solutions i fjor.

23.07.2025

Medan Ulstein Verft fekk rekordinntekt (i nominelle kroner) og ein kraftig resultatauke (sjå tabell), vart 2024 langt tøffare enn venta for skipsdesignselskapet Ulstein Design & Solutions.

"Resultatet for 2024 ble betydelig svakere enn forventet i hovedsak på grunn av manglende ordreinngang", skriv Ulstein Design & Solutions i årsmeldinga for 2024.

Skipsdesignselskapet har 45 tilsette.

Saman med Ulstein Power & Control er skipsdesign- og verftet dei tre største selskapa i Ulstein Group, som i fjor hadde sitt mest lønsame år sidan 2014, slik konsernet tidlegare har fortalt i ei pressemelding. 

I fjor hadde Ulstein Group konsernet 3,1 milliardar kroner i inntekt og eit resultat før skatt på 135,1 millionar kroner.

Verftet veg mest
Det er inntektene og resultat til verftet som veg tyngst i konsernet, som det går fram av tabellane under.

I fjor hadde verftet sju skip under bygging og auka aktiviteten også i vedlikehaldsmarknaden. I år ventar verftet å betre likviditeten og auke eigenkapitalen, ifølgje  årsmeldinga.

Trekte lønsemda ned
Underskotet i Ulstein Design & Solutions trekte ned lønsemda for konsernet i fjor og selskapet har sett i verk tiltak for å betre den i år.

"Styret anser resultatet som lite tilfredsstillende og både egenkapitalen og selskapets likviditet er anstrengt. Egenkapitalen for selskapet var ved årsskiftet NOK 14,8 millioner etter tilførsel av NOK 20 mill. i konsernbidrag. Egnekapitaluviklingne i 2024 var negativ som resultat av for lav kapasitetsutvnyttelse. Styret vil fortsette å overvåke situasjonen nøye og sammen med administrasjonen iverksette nødvendige tiltak for å sikre selskapet finansielle stabilietet i 2025.", skriv styret i årsmeldinga.

I følgje årsmeldinga ventar skipsdesignselskapet at "egenkapital og likviditet vil styrkes noe" i år. 

Største aksjonær
Ulstein-søskena Gunvor, Tore, Vegard, Idar Marius og Ingerid Ulstein eig 64 prosent av aksjane i Ulstein Group gjennom selskapet Ulsmo.

Ulsmo-konsernet investerer i også i eigedom og i verdipapir. 

Ulstein Verft as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt2759,21191,2
Driftsresultat232,928,9
Resultat før skatt177,229,7
   
Ulstein Design & Solutions as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt177,5118,7
Driftsresultat-54,2-9,1
Resultat før skatt-50,1-3,9
   
Ulstein Power & Control as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt105,5119,2
Driftsresultat9,19,2
Resultat før skatt9,59,3

Publisert: 23.07.2025 12:10

Sist oppdatert: 23.07.2025 12:10

Mer om