Kort fortalt

Relling-pris for første gang

Delt ut av møbelmuseet i Sykkylven.

26.10.2020
NPK: Møbelmuseet i Sykkylven arrangerte designkonkurranse i samband med hundreårsjubileet til pioneren Ingmar Relling.
Konkurransen, med namnet Relling-prisen, blei retta mot designstudentar og unge designarar med tre år verketid etter enda utdanning, skriv Møbelmuseet i Sykkylven i ei pressemelding.
11 bidrag blei sendt til konkurransen. Av desse blei det delt ut ein 1. pris, ein 2. pris, to tredjeprisar og ein heiderleg omtale.
Vinnaren av Relling-prisen blei Marthe Bull Pettersen frå Bergen for hyllesystemet «Margin».
Prisen blei delt ut under bransjetreffet Relling-seminaret, som blei arrangert av Norsk Industri Designindustrien, i samarbeid med Møbelkraft og Møbelmuseet i Sykkylven.

Publisert: 26.10.2020 09:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24