Rev Ocean sjoprove foto Rev Ocean
FERDIG PÅ VERFTET: Rev Ocean som Kjell Inge Røkke bestilte frå Vard i 2017, segla omsider frå verftet onsdag - fleire år foreseinka. Foto: Rev Ocean
Kort fortalt

Rev Ocean på veg til Nederland

Superskipet til Røkke har segla frå verftet.

Marius Rosbach
05.03.2025

Rev Ocean-skipet Kjell Inge Røkke har hatt under bygging hos Vard, har sett kursen mot Nederland. 

Det går fram av AIS-sporinga til fartøyet. 

Den formelle overleveringa av den kombinerte yachten og forskingsskipet frå Vard skjedde 20. februar. 

Det er selskapet Rosellinis Four-10 som skal eige skipet som er registrert i det norske NIS-registeret.

 Skipet er full operativt og vore på ein rekke sjøprøver. No skal det segle til Damen-verftet i Nederland for å bli ferdig utrusta. 

Her skal skroget få ein siste utvendig finish og få innreidd dei private luksusområda om bord. Medan skroget i dag er svart og raudbrunt, skal det ferdig vere lysegrått.

Publisert: 05.03.2025 15:51

Sist oppdatert: 05.03.2025 15:51

Mer om