Rev Ocean montasje Silje Ulvestad foto Marius 3
SNART KLAR: Silje Ulvestad har vore prosjektleiar hos Vard for bygginga av superskipet Rev Ocean det siste halvanna året. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Har vore eit heilt unikt skip å jobbe med

Både prosjektleiaren og ein rekke av leverandørane på superskipet til Røkke kjem frå lokalmiljøet.

Marius Rosbach
13.02.2025

Bygginga av den kombinerte yachten og forskingsskipet Rev Ocean til Kjell Inge Røkke, har på alle måtar vore eit prosjekt utanom det vanlege for Vard-konsernet. 

Det siste halvanna året har Silje Ulvestad vore prosjektleiar for bygginga som har involvert fleire hundre arbeidarar.

– Det har vore eit heilt unikt skip å jobbe med, og har blitt kvardagen min dei siste åra. Ein blir vande med det meste, men det har aldri vore ein kjedeleg dag på jobb, seier ho til Nett No. 

Røkke «sterk involvert» i diskusjonane
32-åringen kjem frå Vatne nokre kilometer frå Søviknes-verftet, der pressa onsdag var invitert til å kome om bord på det spektakulære skipet. 

Ulvestad har vore med på arbeidet med å bygge skipet heilt sidan 2020. Undervegs i arbeidet har ho naturleg nok også møtt Kjell Inge Røkke. 

– Han er veldig sterkt involvert og er ein aktiv bidragsytar til dei løysingane og diskusjonane som har vore undervegs, fortel ho. 

Rev Ocean sjoprove foto Rev Ocean
SJØPRØVE: Rev Ocean-skipet har allereie vore på ein rekke sjøprøvar og er teknisk klar til å segle. Snart skal den til Nederland for innreiing og lakkering. Når superskipet er ferdig vil det vere lysegrått. Foto: Marius Rosbach

Forseinkingane «frustrerande for alle partar»
Forseinkingane og ueinigheiter med oppdragsgivaren undervegs, vil verken Ulvestad eller Vard seie noko om denne dagen. 

Nina Jensen i Rev Ocean fortalde at det har «vore frustrerande for alle partar» då ho kommenterte saka til Nett No. 

Tidlegare har ho også fortald at Røkke er svært engasjert i bygginga av skipet og sagt han er «nede i kvar einaste skrue».

«Supervisor» som 19-åring
Prosjektleiar Silje Ulvestad starta som mekanikar og lærling i skipsbyggjarkonsernet i tenåra. 

Som 19-åring hadde ho allereie stige i gradane til «supervisor». At ho som ung kvinne er sjef for langt eldre kollegaer, har vore heilt naturleg. 

– Det har vore eit godt samarbeid både internt i Vard og med Rev Ocean, seier ho. 

Etter å ha teke ingeniørutdanning kom Ulvestad tilbake til Vard og blei avdelingsleiar ved Vard Brattvåg-verftet. Sidan har ho hatt fleire leiarstillingar, før ho fekk oppgåva med å leie prestisjeprosjektet i hamn. 

Rokkebat 2 foto Marius
LOKAL LEVERANDØR: Ei stor kran frå Seaonics som er spesialdesigna av Espen Øino står på bakdekket. Om bord er også fleire større vinsjar frå Vard-selskapet. Foto: Marius Rosbach

Ein rekke lokale leverandørar
Da Nett No var om bord i skipet for fem år sidan blei det opplyst at skipet skal vere eit «utstillingsvindauge for norske leverandørar». 

Ein rekke lokale leverandørar frå den maritime klynga på Nordvestlandet har også levert utstyr om bord. 

Vard er naturleg nok sterkt representert mellom anna med  kontrollsystem frå Vard Electro. Også dotterselskapet Seaonics har levert ei stor kran og ein rekke vinsjar om bord. 

Brunvoll i Molde har levert propellar, Kongsberg Maritime har levert system for dynamisk posisjonering og på skutesida heng redningsbåtar frå Maritime Partner i Ålesund. 

Rev Ocean Eva Ramirez Llodra foto Marius
MMC FIRST PROCESS: Fagleg ansvarleg Eva Ramirez-Llodra i Rev Ocean fortel om løysinga dei har fått levert frå MMC First Process som skal handtere fangsten på skånsamt vis. Foto: Marius Rosbach

Libra Plast har levert utvendige dører og Ulmatec har levert luker om bord. MMC First Process har levert vakuumsystem for handtering av fangsten og Luminell står for lyssettinga.

Også Ulstein-bedrifta Oceantec hadde oppdrag om bord med å levere overflatebelegg til helikopterdekket, sportsareal og tre store badebasseng.  

Nyleg blei det kjent at familieselskapet gjekk konkurs før dei kom så langt. 

Publisert: 13.02.2025 13:30

Sist oppdatert: 19.02.2025 20:58

Mer om