Onsdag var ein rekke pressefolk frå heile Norge om bord i Rev Ocean-skipet ved Vard Søviknes.
Fartøyet som Kjell Inge Røkke har bestilt, er eit kombinert forskingsskip og yacht, blir noko heilt utanom det vanlege.
Men det har også teke tid å kome hit. Skroget kom til Vard Brattvåg i 2019, og skulle etter opphavleg plan vore levert frå Vard i 2020.
– Har vore krevjande
Per i dag ligg skipet an til å bli teke i bruk meir enn seks år forseinka.
– Dette er eit ambisiøst prosjekt. Det har vore krevjande å gjennomføre og prosessen har teke lengre tid enn planlagt. Det har vore frustrerande for alle partar, men det vi fokuserer på no er at skipet er leveringsklart frå Vard, seier prosjektleiar Nina Jensen i Rev Ocean til Nett No om tidsbruken.

Endringar som har kome undervegs er noko av årsaka til forseinkingane. Det har også vore ueinigheiter mellom Vard og selskapet Rosellinis Four-10 som skal eige skipet.
Undervegs er skipet bygd om og blitt 12 meter lengre. Samtidig er delar av dei øvste dekka bygd i aluminium i staden for stål. Hovudårsaka til det skal vere at skipet var for tungt slik det først blei bygd.
Les også
Har lagt bak seg stridane
Jensen vil ikkje kommentere innhaldet i stridane nærare, men fortel at det ikkje lengre er noko pågåande rettsprosessar i samband med skipsbygginga.
– Vi har lagt alt det bak oss, og er særdeles godt nøgd med korleis skipet blir levert. No ser vi framover, seier ho.
Jensen har tidlegare fortalt at Røkke er svært engasjert i bygginga av skipet og sagt han er «nede i kvar einaste skrue».
Skipet som pressa fekk kome om bord i onsdag er framleis eit stykke frå å vere ferdig innreia.
Skal gjerast ferdig i Nederland
Vard skal levere skipet allereie neste veke. Deretter seglar fartøyet for eiga maskin til Damen-verftet i Nederland der mellom anna den luksuriøse innreiinga kjem på plass.
– Det er blitt eit veldig bra skip som begge partar er svært godt nøgd med og vi nærmar oss ferdigstilling i Nederland, seier Jensen.
Etter planen skal skipet leverast til Røkke i slutten av 2026 og segle ut på sitt første tokt i starten av 2027.
Kva prisen kjem på, kan ikkje Jensen seie enno.
– Det er for tidleg å seie, ettersom det står att ein del arbeid på skipet. Men det er eit ambisiøst prosjekt som sjølvsagt vil ha ein betydeleg prislapp, legg ho til

Publisert: 12.02.2025 15:03
Sist oppdatert: 12.02.2025 16:16