Onsdag melde Rev Ocean at dei formelt har teke over den kombinerte yachten og forskingsskipet som Kjell Inge Røkke bestilte frå Vard i 2017.
– Dette er berre starten og vi kan ikkje vente med å dele det neste kapitelet med dokke, heiter det på skipet sin eige Facebook-side.

Skipet blei teke over på ettermiddagen og blir innført i det norske NIS-registeret. Det er selskapet Rosellinis Four-10 som skal eige skipet.
Etter det Nett No kjenner til, vil Rev Ocean først segle frå Søvika-veftet til Vard tidleg i mars.
- Sjå illustrasjonar av korleis skipet skal bli under
Truleg ut på første seglas i 2027
Skipet – som teknisk er full operativt og har vore på ein rekke sjøprøver – skal då til Damen-verftet i Nederland for å bli ferdig utrusta.
Her skal skroget få ein siste utvendig finish og få innreidd dei private luksusområda om bord. Medan skroget i dag er svart og raudbrunt, skal det ferdig vere lysegrått.

Dette er tenester som den norske verftsnæringa ikkje tilbyr – samtidig som det gir skattemessige fordelar.
Arbeidet er anslått å ta kring 18 månader. Etter planen skal skipet segle ut på sitt første tokt i starten av 2027, meir enn seks år etter den opphavlege tidsplanen.
Forlenga med 12 meter
Undervegs er skipet bygd om og blitt 12 meter lengre. Samtidig er delar av dei øvste dekka bygd i aluminium i staden for stål og eitt dekk fjerna – slik at fartøyet i dag har åtte dekk.
Hovudårsaka til ombygginga skal vere at skipet var for tungt slik det først blei bygd.

Då eit stort pressekorps var invitert om bord i skipet førre veke, blei det opplyst at forlenginga av skipet har gitt eit nytt medialaboratorium, meir lagringsplass for vitskapleg utstyr og lettbåtar, i tillegg til betydeleg auke i drivstoffkapasiteten.
– Vi har rett og slett fått meir båt for pengane med dei 12 ekstra metrane, fortalde operasjonssjef Øystein Mikelborg.
Sjå illustrasjonar av korleis skipet skal bli under

Har plass til 60 forskarar
Med ei lengde på 195 meter ligg det spektakulære skipet an til å bli rekna som verdas lengste yacht. Samtidig er det eit forskingsskip det ikkje vil finnast maken til.
Om bord er det til saman ni laboratorium, og ein fjernstyrt undervassfarkost som kan gå ned på svært store djup og fleire andre mindre båtar.
Det blir plass til 60 forskarar som skal få bruke skipet gratis etter visse vilkår.
Kjell Inge Røkke har tidlegare opplyst at han også vil bu om bord på skipet delar av året.

Verk frå 80 norske kunstnarar
Då kan han mellom anna nyte fleire symjebasseng og verk frå det omfattande kunstprogrammet til skipsprosjektet.
Til saman 80 norske kunstnarar har vore involvert i arbeidet, og om bord blir det kring 180 verk av desse.
– Dei er handplukka for dei ulike plassane på båten der dei skal vere, fortalde Rev Ocean-sjef Nina Jensen på pressemøtet ved Vard-verftet.

Ein ikkje namngitt norsk saksofonist er også hyra inn for å komponere eit stykke som skal symbolisere reisa frå botnen av havet til overflata. Det skal følgje gjestane medan dei bevegar seg oppover i dei åtte dekka om bord.
Rev Ocean skal være ei «nonprofit»-verksemd og Røkke har planar om å gi vekk store delar av formua.
På same vis som mellom anna Bill Gates, er moldensaren med i Giving Pledge-organisasjonen, ei samling av verdas rikaste som vil gi vekk store deler av formuene sine.






Publisert: 20.02.2025 10:01
Sist oppdatert: 20.02.2025 17:37