(NPK-NTB): Nye EU-reglar skal inn i EØS-avtalen, slik at også norske mobilbrukarar ikkje skal måtte betale ekstra for å bruke mobilen på reise i Europa.
– Mange har fått seg ei overrasking når telefonrekninga har komme etter eit utanlandsbesøk. Det har vore dyrt å bruke mobiltelefon og data på reise i Europa, og det vil regjeringa gjere noko med, seier samferdselsminister .
I statsråd fredag vart det lagt fram ein kongeleg resolusjon om å inkludere i EØS-avtalen. Målet med denne regelen er at det ikkje skal koste meir å bruke telefonen på reise innanfor EØS enn det gjer i heimlandet.
EU-parlamentet og Europarådet vedtok forordninga i november 2015. Frå 15. juni 2017 skal mobilkundar behalde sine nasjonale prisar for samtaler, SMS og data når dei er på reise i EU. Dette vil også gjelde Noreg, Island og Liechtenstein når dei tre landa har inkludert reguleringa i EØS-avtalen. Fram til juni 2017 har EU sett eit tak på kor mykje mobilselskapa kan krevje i pristillegg, som vil gjelde i Noreg så snart avtalen er på plass.
– Det vert arbeidd med å få det nye regelverket gjennomført nasjonalt i dei tre Efta-landa slik at endringa i EØS-avtalen kan tre i kraft. Nasjonalt set vi inn ressursar i dette arbeidet, slik at vi kan få nytte av dei nye reglane så snart som mogleg, seier Solvik-Olsen. (©NPK)

Publisert: 22.04.2016 16:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46