Kort fortalt

Rolegare i matbutikkane

Ikkje så mykje hamstring fredag.

13.03.2020
NPK-NTB: Norgesgruppen melder om framleis større pågang enn vanleg, men det er rolegare tilstandar fredag enn det var torsdag i matbutikkane.
– Folk har tillit til at daglegvarebransjen i Noreg held fram med å fungere, seier konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Norgesgruppen, Per Roskifte.
Han fortel at systemet deira jobbar på spreng for å fylle opp hyllene etter torsdagen. Ikkje alle delar av Norgesgruppen opplevde hamstring etter kunngjeringa frå regjeringa om tiltak mot koronaviruset. Storkioskane til kjeda opplevde til dømes mykje lågare omsetning enn vanleg.
– Nokre butikkar har opplevd å ha tilstrekkeleg med varer, andre har opplevd store manglar, seier Roskifte.
Norgesgruppen forstår at folk har eit ønske om å handle inn i eit litt lengre perspektiv enn det som har vore vanleg i Noreg, men understrekar at hamstring vil føre til problem for bransjen.

Publisert: 13.03.2020 16:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29