Kort fortalt

Ropstad opnar døra for Senterpartiet

– Vi har mykje semje om ulike saker.

27.01.2020
(NPK-NTB): KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad meiner Sp heller bør søke tettare samarbeid med KrF enn å halde fram det raudgrøne samarbeidet.
– Vi har hatt mykje godt samarbeid opp gjennom, og vi har mykje semje om ulike saker i dag. Derfor synest eg Sp bør finne tilbake til KrF, seier Ropstad til Klassekampen.
Frieriet kjem etter ei helg der KrF har vore samla til landskonferanse på Gardermoen. Partileiar Ropstad brukte mellom anna høvet til å be om ro rundt Granavollplattforma og til å løfte fram klima som ei viktigare sak for KrF.
I oktober sa Venstre-leiar Trine Skei Grande til Aftenposten at ho var open for å byte ut Frp med MDG i eit regjeringssamarbeid i framtida.
Ropstad vil overfor Klassekampen ikkje spekulere på eit mogleg samarbeid med miljøpartiet. Eit samarbeid med Sp og leiar Trygve Slagsvold Vedum er han meir open om.
– Førebels har eg respekt for at Trygve Slagsvold Vedum peikar på motsett side. Men eg forstår ikkje kva Sp har å hente frå Raudt, SV og MDG. Det undrar meg, seier Ropstad.
(©NPK)

Publisert: 27.01.2020 09:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30