Sunnmøre tingrett har opna konkurs i Runde Panorama, skriv Sunnmørsposten.
Ifølgje avisa har styret opplyst at den samla gjelda er på vel 33,5 millionar, og ein reknar med at reiselivsanlegget er verd rundt 31 millionar kroner.
Selskapet hadde 0,5 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på minus 6,4 millionar kroner i 2024.
– Det vart for høge rentekostnader. Vi betaler no like mykje i rente som vi såg føre oss at vi skulle betale totalt i rente og avdrag då vi bygde i 2021. Då er det ikkje berekraftig, som det heiter i nymoderne språk, seier Arnulf Goksøyr, som har vore dagleg leiar, styreleiar, til avisa.
Goksøyr var majoritetseigar med 49,95 prosent av aksjane i Runde Panorama. Ingemar Goksøyr og Metizoft-gründer Gry Cecilie Sydhagen eigde 19,3 prosent kvar.
Goksøyr og partnarane satsa i 2022 rundt 45 millioner kroner på ni luksushytter på Runde. Storsatsinga Runde Panorama blei offisielt opna på tampen av året.
Publisert: 08.01.2026 15:27
Sist oppdatert: 09.01.2026 16:07






