Arnulf Goksøyr Runde Foto Kjetil
RUNDE PANORAMA: Arnulf Goksøyr framfor hytta Trollvogga, ei av ni hytter i Runde Panorama. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Alt klart for fugleelskarar og andre elskarar

45 millionar har Arnulf Goksøyr og partnerar satsa på luksushytter på Runde. No manglar kun gjestane.

16.11.2022

- Det er klart at dette er ei dristig satsing, men eg hadde lyst å skape eit nytt tilbod innafor reiselivet på Runde. Det er ikkje alle som vil bu i telt eller bubilar, anten det regnar eller er fint vêr.

Det seier Arnulf Goksøyr etter at han onsdag markerte opninga av storsatsinga Runde Panorama. Ni hytter er bygde ved Langeneset på Runde. Alle hyttene er unike, har frå fire til ni sengeplassar og stor uteterasse.

- Vi har satsa på kvalitet i alle ledd. Dette er hytter i 'high end'-segmentet, seier Goksøyr.

Lokale investorar
Hyttene ligg ved Christineborg, den tidlegare leirstaden som Goksøyr kjøpte av onkelen Asbjørn Goksøyr i 2010. Også Christineborg er kraftig oppgradert, og har no 25 rom klare for utleige.

Goksøyr eig 61,26 prosent av Runde Panorama saman med borna Stian, Anny og Henrik. Broren Ingemar Goksøyr og Metizoft-gründer Gry Cecilie Sydhagen eig kvar 15,7 prosent, medan Prosjektbygg eig 3,1 prosent. Prosjektbygg har også vore hovudentreprenør på prosjektet der ei rekke lokale bedrifter har vore involverte. Arkitekt har vore Sporstøl Arkitekter.

Men starten på byggjeprosjektet var krevjande.

- Frå september/oktober 2021 til mars 2022 var det samanhengane 'dritvêr' med fleire stormdagar og stiv kuling i snitt. Eg er skikkeleg imponert over bygningsfolka, seier Goksøyr.

Arnulf og Bjørn
ROS: Herøy-ordførar Bjørn Prytz (t. h.) rosar satsinga til eks-ordførar Arnulf Goksøyr. Foto: Kjetil Haanes

- Minimale naturinngrep
Men no er alle ni hyttene klare til å takast i bruk, hytter som har ulike namn og ulik innreiing.

- Vi trur at dette er ideelle hytter for fugleelskarar og andre elskarar, for å seie det slik, seier Goksøyr.

Han seier at hyttene er plasserte slik at det har vore minimale inngrep i naturen. Dei fleste av hyttene er bygde på pålar, og ligg slik at det ikkje er innsyn i nabohyttene.

Nederland og Tyskland
Ikkje alle lokalt er berre positive til prosjektet, men Goksøyr seier at dei aller fleste rosar satsinga.

- Men dei som håper at hyttene skal blåse over til Flø ein stormdag, vil verte skuffa. Dette er hytter som er skikkeleg solid forankra.

Han er spent på responsen framover. Sjølv om ein satsar på heilårsdrift og 'allvêrsturisme', er sommarsesongen den viktigaste.

- Dei som har testa tilbodet hittil har vore skikkeleg imponerte. Vi har tru på bra med norske gjestar i helgane, men at dei fleste gjestane i sommarsesongen vil kome frå Tyskland og Nederland. I mars bør vi vite korleis sommarsesongen vert.

Det er ikkje alle som vil bu i telt eller bubilar, anten det regnar eller er fint vêr
Arnulf Goksøyr
Arnulf utsikt
UTSIKT: Alle hyttene har store terasser med god utsikt. Foto: Kjetil Haanes

Rosa samarbeidet
Ein av dei som rosar satsinga er Herøy-ordførar Bjørn Prytz.

- Det er mange som seier at det ikkje skjer noko i Herøy, men no har eg på få dagar vore med på to båtdåpar for Havila Kystruten, i tillegg til opninga av Runde Panorama.

- Dette er eit nytt og spennande konsept, og noko vi ikkje har i Herøy frå før.

Han rosa også eks-ordførar Goksøyr for å tenke samarbeid med andre aktørar, blant anna har Runde Panorama samarbeid med Sunnmørsbadet.

- Det er utruleg kva vi klarer å få til når vi samarbeider, sa Prytz.

Arnulf Goksøyr opplyser at det framover vil vere tre-fire personar tilknytt Christineborg og Runde Panorama, medan det vil vere sju-åtte tilsette i sommarsesongen.

Hytter
STORSATSING: Oversiktsbilde over Runde Panorama på Langeneset. Foto: Runde Panorama

Publisert: 16.11.2022 18:02

Sist oppdatert: 17.11.2022 00:32

Mer om