NPK-NTB: Rundt 200.000 sjøfolk verda over får ikkje mønstre av på grunn av smittefrykt. Reiarlagsforbundet fryktar utslitne mannskap og svekt tryggleik.
– Vi kan ikkje halde fram med å halde sjøfolk som gislar med grunngivingar om smitteverntiltak. Her har næringa komme med gode smitteverntiltak som gjer at vi kan gjere dette på ein forsvarleg måte, seier administrerande direktør Harald Solberg i Norges Rederiforbund til .
Anslagsvis 200.000 sjøfolk sit koronafast om bord på skip på havet i verda. I tillegg er det like mange som ikkje kjem seg ut på skipet, ifølgje FNs sjøfartsorganisasjon IMO.
Overstyrmann Bengt Ellingsrud på norske Bow Fortune gjekk om bord 12. januar og har framleis ikkje gått i land. Han fortel om mannskap om bord som ikkje har vore heime på 12-13 månader.
– Vi tenkjer mykje på det at vi aldri får nokon konkret avmønstringsdato. Vi kjem til ei hamn og får vite at vi ikkje får gå i land der, og så må vente til neste hamn, seier han til NRK.
Solberg meiner at situasjonen blir meir og meir alvorleg for kvar veke som går.
– Vi veit at koronasituasjonen kan vare lenge, og vi kan ikkje føresetje at dei som var om bord då korona starta skal segle gjennom heile krisa, seier han til NRK.

Publisert: 27.07.2020 07:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25