Russetrålarar leverer mykje fisk
Trass krig, held russiske trålarar fram med å levere fisk i Norge.
Russiske trålarar har levert fisk for 600 millionar kronar til Noreg sidan krigen i Ukraina starta.
Halvparten av fisken frå russiske trålarar blir teke i mot i Tromsø, trass i forbod mot anløp av russiske båtar i norske hamner.
Sidan krigen i Ukraina starta har 25 russiske trålarar levert 20.000 tonn fisk for rundt 300 millionar kroner i Tromsø, og totalt 600 millionar kroner i norske hamner , skriv E24.no.
Trass i at Noreg i førre veke innførte forbod mot anløp av russiske båtar i norske hamner, vil dei russiske fiskebåtane halde fram med å levere fisk i Noreg, då forbodet ikkje gjeld fiskebåtar.
– Vi følgjer styresmaktene sitt opplegg og har forståing for vurderinga deira, seier administrerande direktør Svein Ove Haugland i Norges Råfisklag, som omset all villfisk nord for Møre.
I fjor leverte russiske trålarar fisk for 1,3 milliardar kroner. Ifølgje E24 vil verdien av dei russiske landingane av fisk i Noreg passere éin milliard kroner i år òg – så langt i år har russiske trålarar levert fisk for 800 millionar kroner i Noreg.
Publisert: 03.05.2022 12:18
Sist oppdatert: 03.05.2022 12:19