Kort fortalt

Russisk havarist bygd i Norge

16 sakna etter forlis.

28.12.2020
16 russiske fiskarar er sakna etter at fiskebåten Onega gjekk ned vest for Novaja Semlja tidleg måndag morgon. To personar er plukka opp av ein annan fiskebåt.
Nyheitsbyrået Tass opplyser at fartøyet var isdekt og sakk under ein storm. Det vert meldt om fire meter høge bølgjer og minus 20 grader, noko som gjer redningsarbeidet vanskeleg.
Onega er opprinneleg den norske båten Remifisk, bygg nummer 96 ved Vaagland. Båten vart overlevert i 1979 til Jacob Solstad og Per Lorentsen i Kårvikhamn.
I 2003 vart båten seld til Russland. Båten og mannskapet er frå Murmansk-området.

Publisert: 28.12.2020 21:07

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:51