Minst 50 sivile russiske fartøy som trålarar, frakteskip, forskingsskip og yachtar kan vere i bruk av russisk etterretning til spionasje mot kritisk infrastruktur i Noreg.
Det viser eit prosjekt NRK har gjennomført.
Det siste året har NRK saman med dei nordiske allmennkringkastarane Danmarks Radio (DR), Sveriges Television (SVT) og finske Yle brukt opne trafikkdata for å kartleggje korleis russisk skipstrafikk kan bli brukt til spionasje i Norden.
Sjef for Etterretningstenesta, Nils Andreas Stensønes, seier at dette kan dreie seg om uønskt eller ulovleg etterretning utført på toppen av lovleg aktivitet, som til dømes fiske.
– Det Russland er interessert i er jo norsk teknologi, men mest militære disposisjonar, alliert nærvær og rørsle. Vi ser dette i samband med allierte øvingar, der dei tilfeldigvis seglar gjennom, ankrar opp, eller oppheld seg i nærleiken. Så følgjer vi veldig nøye med og ser om det er andre stader dei opptrer unormalt, seier Stensønes.
Den russiske ambassadøren skriv til NRK at russiske sjøfolk har rett til å navigere i norsk farvatn og avviser at russiske fartøy har gjort noko ulovleg.
Publisert: 19.04.2023 04:00
Sist oppdatert: 19.04.2023 07:26