(NPK-NTB): Oljeprisen kan framleis falle og oljeservicesektoren går eit vanskeleg år i møte, er meldinga frå Jarand Rystad, ein av dei leiande oljeanalytikarane i verda.
– Dette er den mest dramatiske hendinga eg har opplevd. Då kan ein tenkje på slike hendingar som finanskrisa, Tsjernobyl og oljekrisa 1986, seier Rystad til Dagens Næringsliv.
Prisen på Nordsjøolje fall onsdag med 14 prosent til 24,67 dollar fatet, det lågaste sidan 2003.
Rystad ventar at koronapandemien og oljepriskrigen mellom Saudi-Arabia og Russland vil fylle opp lagera av olje og dermed tvinge fram ein pris på mellom 15 og 10 dollar fatet.
– Då må ein til slutt stoppe kranane. Vi kan kanskje måtte betale for å bli kvitt olja. Men viss oljeprisen blir så låg i halvtanna år, er det det beste grunnlaget for å skape ein enorm oljeprisauke etterpå. Dess djupare vi går, desto større blir rekylen, seier oljeeksperten.
Rystads kalkyle er at det blir tøft for norsk oljeservice fram til ei kraftig oppgangsbølgje i 2022/2023.
(©NPK)

Publisert: 19.03.2020 08:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29