Kort fortalt

Røe Isaksen startar havturné

Kjem til Ålesund og Sykkylven.

07.04.2018
NPK: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen skal besøkje mange stader langs kysten, frå nord til sør fram til sommaren. Startskotet går i veke 15, med vitjing i Ålesund, Sykkylven, Bergen, Stord og Austevoll.
– Havet er den blå tråden som flyt gjennom noregshistoria, og vi vil at Noreg også i framtida skal vere best på hav. Derfor legg eg ut på turné for å besøkje havbedrifter og møte havekspertane i landet. Besøka i Møre og Romsdal og Hordaland er starten på fleire møte eg skal ha med næringslivet om hav, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Havsatsinga til regjeringa spenner frå utvikling av nye artar, grøn teknologi og digitale løysingar til internasjonalt diplomati og kamp mot plast og klimagassar.
– Eg er opptatt av at vi framleis har den fremste kompetansen i næringslivet vårt, blant tilsette og i forskingsmiljøa, og at vi vurderer korleis vi best omstiller oss til eit stadig meir digitalisert samfunn. Vi skal også sikre at dei norske havnæringane fører an på vegen mot reine og rike hav og held fram med å vere leiande på miljøteknologi og berekraftige løysingar, seier næringsministeren.
Tysdag skal han vitje Campus Ålesund, Rolls-Royce Marine Opplærings- og teknologisenter og Maritime Partner AS i Ålesund, i tillegg til Griff Aviation i Sykkylven.
Onsdag vert det vitjing på skipet Statsraad Lehmkuhl i Bergen og Kværner Eldøyane på Stord, i tillegg til Austevoll Laksepakkeri AS og DOF på Storebø.

Publisert: 07.04.2018 10:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39