Kort fortalt

Røkke tener på krill

Lønsam krillfangst i Antarktis.

05.02.2017
(NPK): Det tok lengre tid enn tenkt å gjere krilfangst i Antarktis lønnsamt, men no kan Kjell Inge Røkke-selskapet Aker Biomarine melde om stadig betre resultat.
Aker Biomarine har i dag to fartøy som trålar etter djupvassreka kril i Arktis. Krillen skal vere rik på omega-3 og blir brukt i helsekost og i dyre- og fiskefôr. Satsinga starta for rundt ti år sidan, men først no byrjar det å bli skikk på Aker Biomarine, skriv Dagens Næringsliv.
– Det tar tid å byggje industri og utvikle ein heilt ny marknad. Frå null til éin milliard kroner sidan 2008 er likevel ganske bra, seier Aker Biomarine-sjef Matts Johansen til avisa.
Første halvår i år var omsetninga på nærare 440 millionar kroner (52,2 millionar dollar) og driftsresultatet på rundt 150 millionar kroner (17,8 millionar dollar). På årsbasis kan omsetninga dermed runde éin milliard kroner og gi eit driftsresultat på rundt 250 millionar kroner. (©NPK)

Publisert: 05.02.2017 16:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44