Kort fortalt

Sa nei til skutefest i Ålesund

Tall Ships' Races for dyrt, meinte formannskapet. 

25.11.2020
(NPK): Det blir ikkje arrangert Tall Ships' Races-fest i Ålesund med det første. Eit fleirtal i formannskapet meiner det blir for dyrt, skriv Sunnmørsposten.
Kommunedirektøren har anbefalt å ikkje bruke tid og pengar på ein søknad om å vere vertshamn for Tall Ships' Races i 2025. Både på grunn av dårleg kommuneøkonomi, men også fordi ein ikkje kan rekne med like store bidrag frå næringslivet som i 2001 og i 2015.
– Tall Ships' Races er tiltak som må gå under merkelappen «kjekt å ha», men vi må følgje innstillinga frå kommunedirektøren denne gongen, sa Geir Ove Leite (Ap), ifølgje . Leite var redd for at ein ny skutefest vil gå ut over lag og organisasjonar.
(©NPK)

Publisert: 25.11.2020 11:36

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:53