Kort fortalt

Saksøker Kleven for usakleg oppseiing

To tidlegare tilsette vil gå til sak.

07.02.2020
To tidlegare tilsette på Kleven Verft har saksøkt sin tidlegare arbeidsgjevar, melder .
LO-advokat Jan Arild Vikan representerer dei tilsette og seier dei meiner oppseiingane er usaklege og vil ha jobbane tilbake.
- Det handlar om at Kleven er bunden av ein tariffavtale, der ansiennitet skal telje mykje. I desse to tilfella har bedrifta gått vekk frå det prinsippet, seier han til avisa.
NHO-advokat Ingrid Klokk Sandberg seier Kleven av prinsipp ikkje vil omtale personalsaker i rettssystemet.
Om ikkje partane blir samde i rettsmeklinga, er det planlagt rettssak i Sunnmøre tingrett 14. og 15. mai.

Publisert: 07.02.2020 08:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30