Kort fortalt

Saksøker Nordfjord Kjøtt for nær 24 millionar

Ville heve kjøp – fekk søksmål i retur.

29.01.2020
Selskapet Multivac har saksøkt Nordfjord Kjøtt etter at kjøttvarebedrifta i Loen ville heve eit kjøp, melder .
Kjøttprodusenten i Stryn meinte produksjonslinjene som Sandefjord-selskapet leverte, ikkje heldt mål. Dei meiner utstyret ikkje hadde kapasiteten som var avtalt, og peiker på andre manglar. Nordfjord vil difor ha ein erstatning på 7,5 millionar kroner.
Multivac meiner at Nordfjord Kjøtt ikkje hadde rett til å heve kjøpet, og krev nær 24 millionar kroner i tillegg til erstatning på 400.000 kroner og dekka sakskostnader. Dei meiner utstyret har fungert bra, og at negative avvik må skuldast feil bruk, dårleg vedlikehald, feilstilling av linjene og manglande opplæring, ifølgje avisa.

Publisert: 29.01.2020 15:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30