(NPK-NTB): Den 1. november overtek Skatteetaten oppgåvene som kemnerane i kommunane har no, som å krevje inn skatt og kontrollere skattar og avgifter.
Skattedirektør Nina Schanke Funnemark ser det som historisk når ting skal bli enklare for privatpersonar og bedrifter frå søndag.
Skatteetaten overtek rettleiing, skatteoppkrevjing og ei rekkje andre oppgåver, slik at alle førespurnader om skatt skal rettast til den eine etaten.
– No treng du ikkje lenger vurdere om du skal vende deg til kommunen eller Skatteetaten når du treng hjelp med skatt – du får svar på alle skattespørsmål på éin stad, seier skattedirektøren.
Det blir eitt nummer for alt, eventuelt høve til å chatte på nett og Facebook-sidene «Skatten min» og «Skatten min bedrift».
Endringa inneber at nesten 1.100 skatterelaterte tilsette blir overført frå kommunane til Skatteetaten, saman med oppgåvene dei har. Skatteetaten har kontorstad 57 stader i landet.
Skatteetaten opplyser at rettleiing og informasjon om oppgåvene som blir overførte frå kommunane, først blir oppdaterte når endringa trer i kraft søndag. Sidan det er mykje tekst som skal endrast, tek jobben tid og blir gjort til og med måndag 2. november.

Publisert: 29.10.2020 15:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24