NPK: Fiskeriminister Per Sandberg har besøkt den britiske fiskeriministeren for å sikre norske fiskeinteresser etter Brexit.
– Storbritannia er vår fjerde største marknad. Det er heilt avgjerande å sikre minst like god marknadstilgang for norsk fisk etter Brexit, og møtet onsdag var ein god start. Vi er einige om at vi må unngå å kome i ein situasjon der det blir uklart kva som skjer etter Brexit, derfor startar vi dialogen no, seier fiskeriminister Per Sandberg.
Norsk fisk er viktig også for dei britiske forbrukarane, framhevar fiskeriministeren.
– Britanes nasjonalrett fish & chips er heilt avhengig av import av norsk torsk og hyse. Dei siste åra ser vi også at britane for alvor har fått smaken på norsk laks. Sidan 2012 har eksportverdien auka med over 200 prosent, seier Sandberg.
Fordelinga av fiskekvotar blei også omsnakka, då ei EU-utmelding frå Storbritannia vil endre det fiskeripolitiske kartet i Nordsjøen og i Nordaustatlanteren.

Publisert: 26.01.2017 12:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42