Kort fortalt

Satsar på meir "klimavennleg asfalt"

Statens vegvesen skal halvere klimgassutsleppa.

06.01.2020
NPK: Fordi Statens vegvesen skal halvere klimagassutsleppa innan 2050, satsar dei meir på klimavennlege asfaltkontraktar framover.
I 2019 hadde Statens vegvesen 71 kontraktar for asfaltlegging på nesten 3000 kilometer veg. 1 av totalt 2,2 millionar tonn asfalt var gjenbrukt asfalt frå norske vegar. I to av kontraktane var CO₂-utslepp vekta da dei valde entreprenør til jobben. Vegvesenet varslar at det blir enno fleire i 2020, skriv .
Eitt av tiltaka for å redusere CO₂-utslepp i asfaltlegginga i åra framover er å produsere asfalten ved lågare temperatur (lågtemperaturasfalt). Andre tiltak er meir energisparande fyringsmetodar ved asfaltproduksjon som pellet eller gass i staden for diesel og tungolje. Gjenbruk av asfalt, lastebilar med lågt CO₂-utslepp, ulike steintypar og tørre steinmateriale kan òg gjere asfaltlegginga meir klimavennleg.
Det er ikkje staten men entreprenørane sjølve som bestemmer kva for tiltak dei skal bruke for å gjere arbeide meir klimavennleg.
– Vi brukar kontrakten for å beskrive krava til resultatet – så bestemmer entreprenørane sjølve korleis dei vil oppnå ønska resultat, seier Seksjonsleiar Thor Asbjørn Lunaas ved asfaltseksjonen i Statens vegvesen Region midt til Nationen.

Publisert: 06.01.2020 12:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31