Kort fortalt

Sel småkraftverk

Skinvik Kraftverk er seld til Småkraft.

06.05.2021

- Vi hadde ikkje noko val. Sjølv om vi fekk det til å gå rundt nokon lunde, har vi ikkje vore nøgde med økonomien i drifta. Mellom anna var kraftprisen svært låg i fjor, fortel Jostein Fossheim til Møre-Nytt.

Fossheim eigde kraftverket i Austefjorden i Volda saman med Harald Sundal.

Årsproduksjon til verket er 5 GWh.

Småkraft er eigd av det tyske selskapet Aqulila Capital.

Skinvik Kraftverk hadde 1,1 millionar kroner i driftsinntekter i 2019 og 0,2 millionar kroner i resultat før skatt. Gjelda var på 8,6 millionar kroner. Skinvik Kraftverk blei etablert i 2007 og har aldri betalt ut utbytte.

Publisert: 06.05.2021 14:48

Sist oppdatert: 10.07.2021 14:18