11 barnehageeigedomar i Gnist-kjeda er seld til eit australskeigd selskap, Pioneer Public Properties - for så å leigast tilbake til Gnist Barnehager.
var det første norske nyheitsmediet som melde om saka – som eigarane i Whitehelm Capital også melde om på sine 15. januar. Eigedomane som er seld, ligg i Giske, Ålesund, Sula, Hareid, Ulstein og Herøy, i tillegg til Bergen og Oppdal.
Gnist skal framleis helde fram med barnehagedrift i bygga, og leige desse tilbake frå dei nye eigarane.
– Det er ingen barnehagar som er selde - dette gjeld bygningane dei held til i. I nokre av barnehagane våre ser vi det som meir høveleg å leige enn å eige, og dette baserer seg på ulike vurderingar og individuelle forhold. Kor vidt vi eig eller leiger bygget, har ingen påverknad på drifta - og vil ikkje gå utover noko. Om noko, så vil salet frigjere kapasitet til å fokusere på drifta av barnehagane - som er vår kjerneverksemd, fortel Børre Andreassen i Havnevik, rådgjevingsfirmaet til Gnist Barnehager, til .
Hareid-ordførar Bernt Brandal er kritisk til salet, og at offentlege midlar indirekte går ut av landet. Barnehagane er bygd mellom anna med offentlege tilskott, og Gnist får tilskott til drifta. Ordføraren vil ta opp saka politisk.

Publisert: 07.02.2020 08:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30