Kort fortalt

Selskap vurderer å droppe utbytte

Mange er usikre for framtida.

18.03.2020
NPK-NTB: Dei første børsnoterte selskapa held tilbake planlagde utbytte, og fleire ber no råd om korleis dei kan droppe utbyttet.
– Det eine var eit stort og velfungerande selskap. Men no er det så vanskeleg å sjå kvar det ber hen, og då er det skummelt å dele ut utbytte som ein pleier, seier advokat Hedvig Bugge Reiersen i Wikborg Rein til .
Hotellkjeda Scandic er blant selskapa som droppar eit planlagt utbytte på 380 millionar svenske kroner. Treningssenterkjeda Sats, oppdrettsselskapet Salmar og IT-selskapet Atea kuttar òg utbetalingane.
Finanstilsynet har oppmoda bankar og forsikringsselskap til å revurdere utbetalinga av utbytte for å ha pengar på bok i den kommande økonomiske krisa i norsk og internasjonal økonomi. DNB seier til avisa at styret i banken skal vurdere det.
Equinor vurderer både utbytte og tilbakekjøp av aksjar, medan Hydro og Kongsberggruppen ventar og ser om koronakrisa gjer at dei droppar utbetalingane.

Publisert: 18.03.2020 08:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29