NPK-NTB: – Vi kan sjå konturane av at ei bølgje nummer to sannsynlegvis kjem, seier forskar Gunnveig Grødeland ved Universitetet i Oslo.
Til seier Grødeland, som forskar på immunologi og vaksineutvikling ved Immunologisk institutt, at ei ny bølgje er fullt mogleg. Ho grunngir det med at nordmenn no både reiser og rører seg meir rundt.
– Men det er vanskeleg å trekkje konklusjonar på grunn av lokale utbrot. Vi må nok sjå meir regionale utbrot før vi veit meir, seier forskaren.
Smittevernekspert og professor Ørjan Olsvik trur ikkje Noreg vil få eit utbrot som det i Sverige. Han trekkjer fram at mange er opptekne av bølgjer og fasar, men at erfaringa hans er at virus og utbrot gjer litt som dei vil.
– Viruset har ikkje lese lærebøkene i epidemiologi, seier Olsvik til VG.
Dei siste to vekene har rundt halvparten av dei nye koronatilfella med kjend smittestad rapportert smitte etter reise utanlands, opplyser FHI i vekerapporten sin.
– Av desse har dei aller fleste, 47 av 56 personar, vore på reise til land som er omfatta av karanteneplikt ved innreise til Noreg. Dei landa vi har flest registrerte tilfelle frå, er Kosovo, Serbia og Sverige. I same periode vart 9 personar smitta etter reise til Danmark, Polen eller Tyskland, land som på innreisetidspunktet hadde unnatak frå karantene, altså såkalla «grøne land», seier overlege Siri Helene Hauge ved Folkehelseinstituttet (FHI) i ei pressemelding.

Publisert: 29.07.2020 13:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25