Kort fortalt

Sikrar selfangst

Regjeringa gir statsstøtte til norsk selfangst.

27.01.2017
(NPK-NTB): Regjeringa gir støtte til norsk selfangst. Det handlar om å forvalte bestanden, seier statssekretær Ronny Berg (Frp).
– Vi må sjå økosystema i ein heilskap, seier Berg til .
Støtta vart fjerna frå statsbudsjettet under Elisabeth Vik Aspaker (H) i 2015, men tilskotsordninga vart gjeninnført av noverande fiskeriminister Per Sandberg (Frp) i 2016.

Berg antydar at støtta vil vere på ein stad mellom 2 og 2,5 millionar kroner. Det er lågare enn kva næringa sjølv meiner må til, men Berg seier regjeringa ønskjer å bidra til at det blir utvikla ei lønsam næring framover.
– Det er viktig at vi klarer å få fram produkt som skaper verdiar framover. Ønsket er sjølvsagt at vi på sikt skal få ei næring som står på egne bein. Og vi har tru på dette. Hadde vi ikkje det, ville vi ikkje vore med på eit vidare tilskot til selfangsten, seier Berg.
Departementet og næringa skal møtast i februar for å diskutere årets fangst.

Publisert: 27.01.2017 15:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42