(NPK): Silderogn blir selt til rekordhøge prisar fordi ho er blitt ettertrakta som topping på sushi.
Ifølgje Noregs sjømatråd har verdien på silderogn auka med 142 prosent berre i år.
– Det er så langt i år eksportert 5.300 tonn silderogn til ein verdi av 392 millionar kroner. Dette er ein auke i volum på 40 prosent. Verdien har auka med heile 142 prosent, seier Jan Eirik Johnsen, ansvarleg for pelagisk strategi ved Noregs sjømatråd i ei pressemelding.
Han fortel at prisen ligg på over 100 kroner kiloen i eksportpris til nokre av marknadene.
– Årsaka til den auka etterspurnaden er at ein tradisjonelt har brukt lodderogn som topping på sushi. Men stopp i loddefiske over fleire år og tomme lager har sendt etterspurnaden etter silderogn i vêret, seier Jan Eirik Johnsen.
Silderogn og lodderogn ganske like i smak, så dermed er silderogn eit godt substitutt.
For få år sidan var det berre to silderognfabrikkar her i landet, no er det ti anlegg langs kysten.
– Vi trur silderogn er starten på eit godt eksportprodukt frå Noreg som kan halde seg over tid, seier Johnsen.
(©NPK)

Publisert: 05.11.2020 15:56
Sist oppdatert: 07.04.2021 19:06