Kort fortalt

Sivertsen går av

Fiskeriminister Geir Inge Sivertsen trekkjer seg.

28.02.2020
NPK-NTB: Fiskeri- og sjømatminister Geir Inge Sivertsen (H) bad fredag om å få gå av, opplyser departementet i ei pressemelding.
– Sakene om styreverv og etterlønn har teke alt fokuset bort frå den jobben eg som fiskeri- og sjømatminister ønskjer å gjere for å utvikle den viktigaste næringa i Noreg, skriv Sivertsen.
– Næringa fortener ein minister som kan ha fullt fokus på dei oppgåvene som må gjerast for å få dette til. Sakene har òg vorte ei belastning for regjeringa og for partiet mitt, Høgre, skriv han.

Publisert: 28.02.2020 19:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30