(NPK-NTB): Fiskeriminister Geir Inge Sivertsen (H) stadfestar onsdag at han har meldt seg ut av Frimurarlosjen.
– Eg har følgt rådet frå statsministeren og meldt meg ut av Frimurarlosjen. Som sagt har eg ikkje vore aktiv medlem på lenge, skriv fiskeri- og sjømatministeren i ei kort utsegn til NTB.
Statsminister Erna Solberg (H) oppmoda fiskeriministeren til å trekkje seg etter at medlemskapen vart kjend.
– Eg meiner det vil vere lurt å gå ut av Frimurarlosjen. Eg meiner det vil gjere det enklare for han. Det er enklast og ryddigast å gå ut av Frimurarlosjen, sa Solberg då ho kommenterte saka tysdag.
Det var Fiskeribladet som først omtala at Sivertsen var frimurar.
Fleire i opposisjonen reagerte kraftig på opplysninga om at fiskeriministeren var med i ein losje saman med mellom anna fleire personar i sjømatnæringa. Sivertsen har skildra medlemskapen som passiv, og han har sagt at han truleg har deltatt på berre eitt møte det siste året.
Fiskeriministeren hadde nest høgaste grad i Frimurarordenen. Sivertsen informerte Statsministerens kontor om saka søndag. Solberg har så langt stått fast på at ho har tillit til Sivertsen.

Publisert: 26.02.2020 15:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30