Kort fortalt

Sjøfolk kjem seg ikkje heim

Stengde landegrenser skaper fortviling.

25.03.2020
NPK: Arbeidarar som jobbar til sjøs for norske reiarlag kjem seg ikkje heim på grunn av stengde landegrenser.
– Det er ein fortvila situasjon. Dei seglar rundt og aner ikkje når dei får komme heim, seier Harald Fotland til .
Han er driftsdirektør for reiarlaget Odfjell i Bergen, og dei har om lag 80 norske og i underkant av 900 filippinske tilsette om bord på tankskip forskjellige stader i verda. Dei som er ute på sjøen kjem seg ikkje heim, og dei som skal ta over vaktene kjem seg ikkje ut. Reiarlaget jobbar på spreng for å finne ei løysing på vaktskifta.
Ein tilsett som Bergensavisen har snakka med, fortel at det verste er ikkje at dei må vere lenger på sjøen, men uvissa om når dei kan få reise heim.
– Vi om bord har ikkje anna val enn å ta det med godt mot, men vi saknar jo dei heime. I verste fall får vi ikkje med oss gravferder og fødslar, seier arbeidaren, som vil vere anonym.
Mange internasjonale hamner har lagt ned forbod mot mannskapsskift, og mange har innført 14-dagarsregel, der skip som har vore mindre enn fjorten dagar til sjøs må vente to veker før dei får komme i hamn.

Publisert: 25.03.2020 09:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29