Kort fortalt

Sjømateksport for 10,4 mrd.i oktober

Tangerer nesten rekorden frå i fjor. 

04.11.2020
(NPK-NTB): Trass i aukande koronarestriksjonar både i Noreg og mange mottakarland, vart det eksportert svært mykje sjømat i oktober.
Tal frå Noregs sjømatråd viser at det vart eksportert sjømat for 10,4 milliardar kroner i oktober. Det er 573 millionar mindre enn oktober i fjor, men likevel er det månaden med tredje høgast eksportverdi nokon gong, opplyser rådet.
– Koronakrisa pregar framleis både Noreg og resten av verda. Likevel ser vi at sjømateksporten nesten tangerer verdien frå oktober i fjor, som var tidenes høgaste eksportmånad, seier marknadsdirektør Tom-Jørgen Gangsø i Noregs sjømatråd.
Hittil i år er det eksportert sjømat for 87,2 milliardar kroner. I mengd vart det selt 4 prosent meir laks enn på same tid i fjor, men verdien var likevel 2 prosent lågare. Eksportprisen i oktober var 48,57 kroner, noko som er 6 prosent lågare enn oktober i fjor. Det har vore mindre eksport til Kina og Israel, og på grunn av koronapandemien har etterspurnaden etter laks i restaurantmarknaden falle.
Også prisen for andre fiskeprodukt fall på grunn av koronautbrotet. Eksporten av klippfisk har falle merkbart, og for kommande eksport av tørrfisk, som særleg blir seld til Italia, ser det dystert ut etter eit fall i salet der på 42 prosent så langt.
– Nye innstrammingar bidreg til auka uvisse rundt den framtidige etterspurnaden etter tørrfisk, seier sjømatanalytikar Ingrid Kristine Pettersen.
(©NPK)

Publisert: 04.11.2020 08:13

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:56