Regjeringa gir 200 millionar kroner til eit nasjonalt senter for nukleær forsking. Målet er å styrkje kunnskapen om kjernekraft.
Debatten om kjernekraftverk har fått ny giv den siste tida, etter energikrisa i Europa.
– Vi er omgitt av land som har kjernekraft, og som planlegg å utvikle ny kjernekraft for å sikre stabilitet i energiforsyningane sine. Vi må derfor ha fagmiljø som har kunnskap om, og kan vurdere og handtere hendingar med spreiing av radioaktive stoff som kan ramme Noreg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).
Det er forskingsmiljøa ved Universitetet i Oslo, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Institutt for energiteknikk (IFE) som skal samarbeide om det nye, nasjonale senteret. Tildelinga vil gå over åtte år og utgjer til saman 200 millionar kroner.
Søndag sa også NTNU til Adresseavisen at dei vil styrkje forskinga på kjernekraft med ei ny tverrfagleg forskargruppe.
– Vi ser ei fornya interesse for kjernekraft. Vi har nesten ikkje diskutert det på 30–40 år, og den gamle diskusjonen er heilt gløymt. No har det skjedd ei stor teknologiutvikling, og vi er midt inne i ei energikrise. Det er ei veldig stor forandring, sa Erik Wahlström, som leier NTNUs institutt for fysikk, til avisa.
Publisert: 22.03.2023 18:44
Sist oppdatert: 22.03.2023 18:44