Helge Rysjedal Eviny Solutions Arve Hovdenak Linja foto Eviny
SAMDE: Helge Rysjedal i Eviny Solutions og Arve Hovdenak i Linja i Ålesund markerer avtalen som blir omtala som ein storkontrakt. Foto: Eviny Solutions
Kort fortalt

Skal halde ved like straumnettet i heile regionen

Linja delte ut storkontrakt som kan sikre arbeid i seks år.

Marius Rosbach
30.10.2024

Eviny Solutions har sikra seg jobben med å halde ved like og fornye straumnettet i heile Linjas forsyningsområde, ifølgje ei pressemelding.

Området består av 19 kommunar i Møre og Romsdal og 7 kommunar i Vestland Fylke.

Rammeavtalen som el-entreprenørtenester i distribusjonsnettet går over to år om gongen, med opsjonar på opptil seks år. Verdien blir ikkje opplyst. 

Tenestene frå Eviny Solutions skal bidra til at Linja gir god forsyningstryggleik til 170 000 innbyggarar, elektrifisering av Nordvestlandet og leveranse av kraft som legg grunnlaget for den elektriske framtida, heiter det i meldinga. 

Publisert: 30.10.2024 09:41

Sist oppdatert: 30.10.2024 09:41

Mer om