«Veldig fornøgd» med klarsignal for kraftnett-kjøp
Energidepartementet overstyrer NVE. Linja får gjere stor investering.
– Vi er veldig fornøgd med vedtaket frå departementet, som er i samsvar med vår syn, seier administrerande direktør Rune Kiperberg i Tafjord Kraft, Tussa og Sogn og Fjordane Energi sitt felles nettselskap, Linja.
Striden handlar om Statnett sitt regionale kraftnett i Romsdal, på Nordmøre, i Trøndelag og i Innlandet, som består av 40 mil med kraftleidningar og 10 transformatorstasjonar.
Mørenett avtalte opphavleg å kjøpe dette frå Statnett for 428 millionar kroner.
Mørenett var eigd av Tussa og Tafjord Kraft, og blei ein del av Linja gjennom ei samanslåing med Sogn og Fjordane Energi sitt nettselskap. Med samanlåinga overtok Linja avtalen med Statnett.
I fjor sommar vedtok Norges Vassdrags og Elektrisitetsvesen (NVE) at Linja ikkje skulle få kjøpe den delen av kraftnettet som ligg nord for Romsdalsfjorden, i Trøndelag og Innlandet.
Bakgunn:
Les også
Tussa, Tafjord og Sogn og Fjordane Energi med felles nettselskap.
Kjøper 40 mil med straumnett frå Ørskog til Orkdal, og frå Sunndalsøra til Vågåmo.
Medhald i klage
NVE meinte det ikkje er "samfunnsmessig rasjonelt av Linja overtar regionalnettanlegg innenfor andre regionalnetteieres områder, da det vil komplisere drift, beredskap, tariffering og tilknytning av nye kunder. I lys av planene om nettforsterkninger i Midt-Norge, og behovet for å koordinere nettutviklingen, mener NVE at det ikke er fornuftig at nok et regionalnettselskap etableres i området."
Linja klaga på NVE sitt vedtak, og vann fram.
No har Energidepartementet oppheva NVE sitt vedtak og gitt klar melding om kva som skal bli utfallet av NVE sin nye behandling av saka:
"Departementet kan ikke se at forholdene i denne saken gir grunn for konsesjonsmyndigheten til å overprøve aktørenes vurdering. Departementet mener derfor Linja bør gis konsesjon.", heiter det i vedtaket.
Motstand i Romsdal og på Nordmøre
Spørsmålet om eigarskapen til Statnett sitt regionale kraftnett har vore ein del av fogderistriden i Møre og Romsdal.
Fleirtalet i fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok i starten av november 2020 at det ikkje vil at Mørenett skal overta Statnett sitt regionnett i Romsdal og på Nordmøre.
I staden bør nettet delast mellom Mørenett og Nordmøre og Romsdal regionalnett, som er eit samarbeid mellom nettselskapa på Nordmøre og i Romsdal, meinte fleirtalet i fylkesutvalet.
Publisert: 12.04.2024 11:44
Sist oppdatert: 12.04.2024 13:01