Kort fortalt

Skal takle veksesmertene i norsk reiseliv

Ny strategi frå Innovasjon Noreg.

06.05.2021

(NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug): Innovasjon Noregs nye reiselivsstrategi inneheld hovudsakleg langsiktige tiltak for norsk reiseliv, men også strakstiltak for å redde sommarsesongen.

Mellom anna kjem det 50 friske millionar frå regjeringa for å marknadsføre Noreg som reisemål, hovudsakleg i Nord-Europa. Dette skal sikre at turistane raskt kjem tilbake.

– Det kjem til å bli beinhard kamp om utanlandsturistane når grensene opnar igjen. Derfor vil vi no doble midlane til internasjonal marknadsføring, slik at turistane vel Noreg og alt det flotte norsk reiselivsnæring har å by på, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Vil handtere «veksesmerter»
Reiselivsstrategien vart overrekt frå Innovasjon Noreg til Nybø på Nasjonalmuseet i Oslo torsdag formiddag. Strategien ser i hovudsak på det langsiktige perspektivet for norsk reiseliv, sidan Innovasjon Noreg fekk oppdraget før koronapandemien byrja.

– Vi må ikkje gløyme utfordringane frå før pandemien. Næringa sleit med det vi kan kalle veksesmerter. Det var for høgt besøkstrykk på ein del stader i sommarhalvåret, medan det nesten ikkje var besøk i det heile resten av året, sa Nybø under lanseringa.

Overfor NTB utdjupar næringsministeren at ho håpar reiselivsstrategien vil hjelpe næringa med å spreie turistsesongen utover året. Det vil òg bidra til å skape heilårs arbeidsplassar i turistområde som Lofoten.

– Noreg har mykje å by på, og vi har mykje plass, så det skulle vere mogleg å spreie det litt utover, seier Nybø til NTB.

Vil ha fleire samarbeidsprosjekt
Strategien oppmodar mellom anna ulike delar av reiselivet til å samarbeide meir og redusere klimaavtrykket sitt. Til saman er det 23 ulike forslag i dokumentet frå Innovasjon Noreg. Etterleving av FNs berekraftsmål står sentralt, og Nybø merke at det er stor omstillingsvilje i næringa.

– Vi ser at det er mange som er oppfinnsame, seier næringsministeren.

For å hjelpe reiselivet med å lansere samarbeidsprosjekta opnar regjeringa for at slike prosjekt kan søkje om midlar frå ei omstillingsordning som skal lysast ut med over 800 millionar kroner i potten.

Publisert: 06.05.2021 16:25

Sist oppdatert: 06.05.2021 16:26

Mer om