Kort fortalt

Skaldyrsatsing til Søraust-Asia

Søraust-Asia er moden for norske skaldyr, meiner Sjømatrådet.

NPK
15.12.2022

No løftar organisasjonen eksporten av krabbar, sjøkreps, kamskjel og reker til store byar i denne folkerike regionen.

Gjennom førjulstida har Noregs sjømatråd arrangert tre store skaldyrarrangement i Singapore, Bangkok og Vietnam. I desse landa florerer det av restaurantar, men den norske skaldyreksporten hit er relativt beskjeden og uregelmessig, skriv Sjømatrådet i ei pressemelding.

Folketalet i Vietnam rundar snart 100 millionar menneske. Men det er ikkje berre folketalet som veks raskt, det gjer også økonomien, kjøpekrafta, sjømatkonsumet og importen av norsk laks og kongekrabbe.

– Hovudfokuset vårt var på skaldyr, men overordna ser vi eit potensial for all norsk sjømat i Vietnam. Derfor nytta vi også høvet til å promotere sjøkreps, kamskjel, reker, fersk laks, aure, torsk, kveite og makrell, seier Ørjan Kjærvik Olsen, som er landsansvarleg for nye marknader i Sjømatrådet.

Publisert: 15.12.2022 10:48

Sist oppdatert: 15.12.2022 10:49