Kort fortalt

Slit med lakseeksporten

Flystopp gir problem.

16.03.2020
NPK: Stopp i flytrafikken fører til utfordringar for fiskeeksporten.
At SAS frå måndag innstilte det meste av flygingar, Norwegian kansellerer 4000 flygingar og USA har innført innreiseforbod, skaper trøbbel for frakt av laks. Stein Arve W. Sørensen, styreleiar i Gardermoen Perishable Center og i Kvalitetstransport, seier at manglande tilgang på nok flyfraktkapasitet er eit stort problem, skriv .
– Store delar av norsk fiskeeksport er jo heilt avhengig av lasteromskapasitet på passasjerfly. Denne kapasiteten blir no redusert drastisk, ikkje minst ved at USA-trafikken blir stengt ned, seier han til .

Publisert: 16.03.2020 09:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29