Kort fortalt

Slutt for Loran-C

Frå nyttår stengjer navigasjonssystemet Loran-C.

02.12.2015
(NPK): Det inneber at utsending av navigasjonssignal frå dei fire norske Loran-C-stasjonane på Værlandet, Jan Mayen, Bø i Vesterålen og Berlevåg stoggar frå 1. januar 2016.
Bakgrunnen for avgjerda er at systemet har svært få brukarar og er teknisk utdatert. Det var i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2012 at regjeringa bestemte at Loran-C skulle avviklast.
Det er få fartøy som framleis har installert Loran-C om bord, men dei har til no kunna utnytte dette til reserveformål i tilfelle driftsavbrot på det meir moderne GPS-systemet. Denne reservemoglegheita fell no bort i dekningsområdet til dei norske Loran-C signala.
Satellittbaserte navigasjonssystem, spesielt GPS, har blitt dei mest sentrale hjelpemidla for navigasjon. Noreg er med på etableringa av det nye europeiske satellittnavigasjonssystemet Galileo. Innan utgangen av 2015 skal det skytast opp til saman 12 satellittar og innan 2020 skal systemet ha 30 satellittar og vere fullt operativt, opplyser Kystverket. (©NPK)

Publisert: 02.12.2015 11:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49