Kort fortalt

Slutt for lysrøyr med kvikksølv

Skal fasast ut neste år.

NPK
20.10.2022

Dei mest vanlege lysrøyra og sparepærene som inneheld kvikksølv, blir forbodne å sende ut på marknaden i EU/EØS-landa i løpet av 2023.

EU reknar med at utfasinga vil hindre at nærare 2000 kilo kvikksølv kjem ut på den europeiske marknaden kvart år, skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Kvikksølv er svært helse- og miljøskadeleg, og har lenge vore forbode i mange elektriske og elektroniske produkt. Men nokre kvikksølvhaldige lysrøyr og sparepærer har vore unnatekne fordi det har mangla alternativ. I dag finst det gode alternativ, mellom anna Led-lysrøyr og Led-lyspærer.

Lysrøyra og sparepærene som no blir fasa ut, er av dei mest vanlege og finst på kontor og arbeidsplassar, i skular og i heimen.

Forhandlarar har lov til å selje ut lagera sine, og du treng ikkje å skrifte ut lysrøyr som du har. Så lenge lysrøyra er heile er det ingen fare med å bruke dei, det er først viss eit lysrøyr knuser, at ein skal vere forsiktig.

– Når du skal kaste eit lysrøyr er det viktig at du leverer det til eit godkjent mottak for spesialavfall. Lysrøyr er EE-avfall, og du kan levere EE-avfall frå hushalda gratis til kommunale avfallsmottak eller til forhandlarar som sel tilsvarande EE-produkt, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

Publisert: 20.10.2022 12:14

Sist oppdatert: 20.10.2022 12:15