Kort fortalt

Slutt på trykte rutehefte

Frå 1. mai må ein bruke nett og app.

12.04.2018
Frå og med 1. mai i år vil vi ikkje lenger produsere trykte rutehefte for kollektivtilbodet i Møre og Romsdal.
– Vi tilbyr ruteinformasjon i fleire andre format. Denne informasjonen vil vere oppdatert til ei kvar tid, seier samferdselsjef Arild Fuglseth, i ei pressemelding.
Det var tidlegare i vinter at samferdselsutvalet vedtok å avvikle dei trykte rutehefta.
– Valet med å avvikle trykte rutehefte, og berre gå over til digital ruteinformasjon, vart tatt etter at vi samla kollektivtilbodet i heile fylket. Vi såg behovet for å gjere det enklare for publikum å få tak i rett ruteinformasjon, seier Fuglseth.
Fylkeskommunen opplyser at det er fleire moglegheiter for å få informasjon om rutetider og avgangar for Fram:
  • Her kan du søke deg fram til kollektivtilbodet. Planleggaren har rutene og avgangane. Du kan sjå kva billetten kostar og få informasjon om ruta er forseinka.
  • kan du i tillegg kjøpe både periode- og enkeltbillett og ha han med deg på mobiltelefonen.
  • er ein app som viser avgangane til ferjene og hurtigbåtane.
  • når du på telefon 71 28 01 00. Her kan du få ruteinformasjon for all kollektivtransport i fylket.

Publisert: 12.04.2018 08:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39