NPK-NTB: Utanlandske mobilar skal få SMS med informasjon frå norske styresmakter, melder NRK.
Bekymring for ei ny smittebølgje ligg bak kampanjen.
– No som det er vesentleg meir smitte i Europa enn i Noreg, så er det ein risiko for at alle som reiser til utlandet for å feire jul, og som er i Noreg i samband med jobb, kan ta med seg smitte tilbake etter å ha feira med familien sin og slekta si. Då er det veldig viktig at alle som kjem til Noreg i januar, får informasjon om kva karantenereglar som gjeld, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad til NRK.
Ein SMS skal sendast til alle utanlandske mobilar før jul med informasjon på eige språk om karantenereglar og opplysningar om at det er straffbart å bryte reglane. Ei påminning om reglane skal sendast på SMS etter jul.

Publisert: 14.12.2020 09:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24