Kort fortalt

Små kraftanlegg er like billige i drift som store

Nye utrekningar frå NVE.

17.12.2020
(NPK): Utrekningar frå NVE syner at små vasskraftanlegg er like billige i drift som store anlegg.
Det skriv NVE i ei pressemelding. Dei nye utrekningane gjer at dei no justerer ned kostnadane for mindre kraftverk.
– Etter nye evalueringar og tilbakemelding frå bransjen ser vi det no naudsynt å justere ned drifts- og vedlikehaldskostnadane for vasskraftverk under 10 MW frå 7 øre/kWh til 4 øre/kWh. For vasskraft over 10 MW og vindkraft beheld vi kostnadsnivået med høvesvis 4 øre/kWh og 10 øre/kWh, seier Anne Vera Skrivarhaug, direktør for energiavdelinga i NVE i pressemeldinga.
Endringane vil vere gjeldande frå 1. januar 2021.

Publisert: 17.12.2020 17:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24